Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Bygdekvinnelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

HAVRESCONES



Bygdekvinnelaget tek for seg mat laga av havre dette året. Vi vil legge ut ei ny oppskrift med havre kvar månad.
Havre er sunt - så prøv oppskriftene!

2,5 dl havregryn
2,5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
ein knivsodd salt
1/2 dl flytande matolje
2 dl Oatly Havremelk / melk

Slik gjer du
1. Sett omnen på 250 grader.
2. Legg alle tørre ingrediensar i ei skål og bland godt saman.
3. Arbeid inn matoljen og Havremelka.
4. Ta litt mjøl på hendene og form deigen til scones.
5. Legg dei på ei steikeplate med bakepapir.
6. Sett plata i omnen og steik i 5-10 min.

Gå til nyhendearkiv