Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

DUA RETT OPP!! - SØNDAG 7 AUGUST

Idrettslaget gjentek suksessen frå i fjor med mosjons-/motbakkeløp frå Navestøylen til Dua.
Dette vert søndag 7 august. Der vert 2 klassar, mosjons- og konkurranseklasse.

 Mosjonsklassen er for alle og med start mellom kl. 11.00 til kl.11.45 alt etter kor tid du vil
starte, påmelding ved oppmøte.
 Konkurranseklassen er for dei som vil konkurrere og med start kl. 12.00, påmelding innan
fredag 5. august. Det vert delt inn i damer/herrar og aldersgrupper 15-20år, 20-30år, 30-50
år og over 50 år.
Startkontingent:
 Mosjonsklassen på kr.50,- pr.person for dei over 15 år eller kr.100,- for familie.
 Konkurranseklassen kr.100,- pr.person.
Premiering:
Det vert delt ut premiar til alle som deltek. I tillegg vert det premie til den som har beste tid av
damene og den som har beste tid av herrane, samt at det vert trekt ut tre deltakarpremiar blant alle
som deltek.
For påmelding i konkurranseklassen så send namn, adresse, alder og mobilnummer til
Kristian Aardal 97091253, e-post kristian.aardal@gmail.com innan fredag 5 juli

Gå til nyhendearkiv