Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bli med Odd-Erik på plateinnspeling!

Odd-Erik Lothe












Laurdag 13. august kan du få oppleve Odd-Erik Lothe & co si innspeling av livealbum på konsert i Gymmen. Publikum får høyre igjen nokre av Fabel sine mest kjende songar i tillegg til rykande ferske låtar.

Tid: Laurdag 13. august kl 18.00
Stad: Gymmen scene ved Operahuset Nordfjord

Kjølsdalens store son er i desse dagar i studio på Nordfjordeid. Med seg har han bandet LOTHE med fem medlemmer i tillegg til Odd-Erik.

Musikarane har også knytt til seg lokale krefter i innspelinga og på konserten. På NRK Julelutt i Operahuset før jul, deltok blåsarar frå Kjølsdalen musikklag på Odd-Erik sin nye, populære julesong ”Stjerneklart”. Han døypte eks-sambygdingane sine om til ”Stjerneklang”, og laurdag blir korpsmusikantane med på konserten etter nokre dagar i studio. Også Olga Pavlova og Hege Kristin Lillestøl Naustdal deltek.

Ideen om å spele inn plate i heimkommunen, fekk Odd-Erik Lothe rundt juletider då han spelte to gonger i Operahuset Nordfjord.

– Som utflytta nordfjording med heimlengt, var det enormt stas. Etter dette melde det seg ein idé om å gjere ei plateinnspeling i huset, seier Odd-Erik som også kallar prosjektet ei kjærleikserklæring til Nordfjord. – Eg har gledd meg over det yrande kulturlivet som finst i kommunen og regionen elles. Her er det mykje å ta av, til dømes korpsmedlemmer, enkeltsongarar og strykarar; mange dyktige folk med høg musikalsk kompetanse.

På konserten blir det nye albumet presentert i sin heilskap for aller fyrste gong. I tillegg får publikum eit gjenhøyr med dei fleste av Fabel sine mest kjende songar, altså melodiøs visepop med sjel på nordfjordmål. «Jordbær og grasbrann» er sjølvskriven på konsertrepertoaret.

Bandet LOTHE er sett saman av Odd-Erik Lothe (song og gitar), Torbjørn Ellingsen (tangentar og kor), Halvor Folgerø (bass), Ståle Søndrål Wick (gitar), Tor Bjarne Bjelland (trommer) og Jan Erik Reknes (trompet og kor).

PS! Konserten byrjar kl 18.00 og varer maks eit par timar, så ein rekk både den og bryggedans på Stårheim!

Les meir og kjøp billettar her

Gå til nyhendearkiv