Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

ZUMBAfeber i Kjølsdalen!

Av Kjølsdalen idrettslag

35 spreke damer og jenter møtte opp til den første zumbakvelden i Kjølsdalen i dag. No blir det zumba kvar tysdag framover.

Zumbaen startar tysdagar kl 20.15. Det blir høve til å møte kl 20.00 for repetisjon av steg i eit lite kvarter.

Alle som deltek må vere medlem i Kjølsdalen idrettslag. Det kostar 200 kr for enkeltpersonar, 500 kr for familie (inkl. born under 18 år). Betal inn til kontonr 5398.05.07706. Hugs å skrive på fødselsår.

Zumba kostar 400 kr for eit klippekort med 10 klipp. Drop in-timar kostar 65 kr per time. Betaling direkte til instruktøren, ikkje via idrettslaget.

Kontaktperson: Jorun Iren Hjelle, tlf 971 93 507

Gå til nyhendearkiv