Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Minihandballen er i gang

Ni kjekke, ivrige tredje- og fjerdeklassingar starta handballsesongen måndag kveld.

Handballspelarane er så heldige å ha Inga Olin og Hege Anita Nesbø som trenarar, systrene fortener stor takk og ros for at dei stiller opp!

Minihandballen trenar kvar måndag kl 18.00-19.00 i Kjølsdalen skule.

Alle tredje- og fjerdeklassingane i Kjølsdalen krins deltek på minihandball - ikkje verst med 100 prosent oppslutnad!

Den første turneringa er laurdag 26. november. Resten av turneringane er 10. desember, 22. januar, 12. februar og 24. mars.

Gå til nyhendearkiv