Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

HURRA – NATURMØTEPLASS MED STØTTE FRÅ SPAREBANKSTIFTELSEN DnB NOR!!



Rett før jul fekk Trekløveret 4H positivt svar på søknaden sin om støtte til naturmøteplass/rasteplass og skileikanlegg. Sparebankstiftinga DNB Nor er positive til prosjektet og støttar oss med 105 000 kroner!!!


Styret i Trekløveret 4H synest dette er ei flott julegåve til bygda. Vi har med oss Kjølsdalen bondelag til gjennomføringa av prosjektet og håpar også at bygdefolk elles vil vere md å hjelpe til
Naturmøteplassen er tenkt laga ved ein turveg mellom setrane i Kjølsdalen. Denne turvegen er det bondelaget som legg planer for.
Først i januar vil Sparebankstiftinga DNB Nor overrekke pengane til Trekløveret 4H i samband med eit arrangement her i bygda. Vi kjem tilbake med meir informasjon om planene for naturmøteplassen og skileikanlegget i samband med dette!

Vi ønskjer alle ei god jul!

Gå til nyhendearkiv