Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Garanterer julestemning i Kjølsdalen

Julekonsert søndag 16. desember kl 15.00: Tradisjonen tru garanterer Kjølsdalen musikklag julestemning på konserten med sine musikalske vener frå ytre deler av Eid komande søndag.

Medverkande:
• Kjølsdalen skulemusikk
• Kjølsdalen barnekor
• Vindfylla spelemannslag
• Stårheim songlag
• Strykarar
• Per Haus Nore
• Kjølsdalen musikklag
• Allsongar

Konferansier: Torfinn Myklebust

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ei triveleg musikalsk førjulsstund!

Kollekt ved utgangen til dekking av utgifter.

Komande søndag samlast samlast musikkutøvarane I Kjølsdalen kyrkje for å setje publikum i julestemning. Kjølsdalen musikklag arrangerer alltid konsert siste søndagen før jul. I år blir det ei veke før sidan veslejulaftan blir litt for nær jula.

Store og små musikkollegaer frå krinsen er sjølvskrivne deltakarar på julekonserten. Faste deltakarar er difor Kjølsdalen skulemusikk og Vindfylla spelemannslag. I år får publikum også høyre nystarta Kjølsdalen barnekor, som er eit tilbod i regi av Yngres i bygda. Frå Kulturskulen i Eid kjem Per Haus Nore på piano.

Stårheim songlag har mange medlemmer frå Kjølsdalen, difor er det òg naturleg at blandakoret er med, under leiing av Olga Pavlova.

Publikum kan gle seg til å høyre Brureslått frå Kjølsdalen som fellesnummer med Stårheim songlag, Vindfylla spelemannslag og strykarar frå kulturskulen. Strykarane skal også ha eit nummer åleine.

Programmet tilseier at dei som ikkje har fått julestemning åtte dagar før den store dagen, vil få det i Kjølsdalen kyrkje søndag. Julekveldsvise, En stjerne skinner i natt, O jul med din glede, Et lys imot mørketida og Mitt hjerte alltid vanker er blant konsertprogrammet.

Publikum får sjølvsagt vere med òg, i tre allsongar. Tradisjonen tru reiser publikum seg og avsluttar heile konserten med Deilig er jorden, til tonefølgje av arrangør Kjølsdalen musikklag.

Gå til nyhendearkiv