Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

OPE INFORMASJONSMØTE OM KJØLSDALEN MONTESORRISKULE


MED OPPSTART HAUSTEN 2013

Kjølsdalen skule, vrimlearealet - onsdag 6.februar kl.20.00.
• Organisering
• Lærarar
• Økonomi
• Foreldrebetaling
• Skuleskyss
• Innmelding
• Målsettingar
• Tilrette legging for barnehage
• Uformell prat m/kaffi
Alle er hjarteleg velkomne. Info ligg på www.kjolsdalenprivatskule.no

Vil du lese meir om dette - klikk inn på overskrifta.

KJØLSDALEN PRIVATSKULE

Kjølsdalen Privatskule har etter kvart er kome så langt at vi ønskjer å informere om opplegget til Kjølsdalen Montessoriskule med oppstart frå hausten 2013.
Vi har avklart med Eid kommune at Kjølsdalen Privatskule får overta Kjølsdalen skule m/inventar og utstyr for kr. 750.00,- og at vi samstundes overtek dei avtalar og forpliktingar som ligg til skulen. Det står igjen å få signert avtalen, og det vil bli gjort i løpet av februar. Planane er at vi tek over skulen den 1. august 2013 og starte med privatskule skuleåret 2013/14.
Vi har framleis nokre utfordringar, men det meiner vi vil gå bra.
Vi har alt tilsett rektor og tre lærerar frå hausten, ein godkjent montessoripedagog i eit eitt års vikariat og tre som er godt i gang med montessoriutdanning. Dei tre som er i gang med tilleggsutdanning kjem får dagens skule. I tillegg ser vi behov for ein lærar til, og vi vil ta ein runde med dei andre lærerane på skulen om nokon av dei ønskjer den stillinga. Vi har heile vegen hatt ein god dialog med lærerane på Kjølsdalen skule og fleire av dei har ytra ønskje om å kunne få vere med vidare i privatskulen. At vi får med oss fleire av dagens lærerar gjer at vi trygt kan gå ut og seie at vi skal lage ein god skule i Kjølsdalen, - no med montessoripedagogikk.
Foreløpig har vi ikkje spurt etter elevar på grunn av at vi har valt å vente med det til vi har fått klart opplegget for skulen og at vi kunne vere sikre på å kunne kome i gang frå hausten 2013.
Vi har etter kvart fått bra oversikt og vil halde eit ope informasjonsmøte på Kjølsdalen skule onsdag 6. februar 2013 kl.20.00. Der vil vi informere om opplegget til privatskulen, korleis skuledagen blir, lærerar, skuleskyss, økonomi, innmelding av elevar, tilrettelegging for barnehage og det vil verte muligheit for å stille spørsmål om ein ønskjer det. Etter dette informasjonsmøte så vil vi gå ut med innmelding av elevar frå hausten 2013. Privatskulen er open for alle elevar i barneskule alder og vi håpar å kunne få rundt tretti elevar frå hausten og vonar at elevtalet vil auken i åra framover.
Vi er i god dialog med Reksnes Barnehage og har byrja planlegging av lokalitetar i lag med dei. Målsettinga er at dei skal kunne få flytte inn så snart vi har overtatt skule og fått lagt til rette for dei. Reksnes Barnehage har alt sendt søknad til kommunen om at dei ønskjer å flytte, og dei har vore på synfaring på skulen med tanke på dette. Underteikna var med på årsmøtet 29. januar i Reksnes Barnehage og orienterte styret, tilsette og foreldre om muligheiter som ligg for etablering av ein barnehage i skulen. Det som trengs er eit lite tilbygg, nokre interne tilpassingar og plassering av leigeapparat. Dette vil då kunne bli ein barnehage med gode lokale og eit svært godt uteområde. Dei tilsette vil vere samlokaliserte med lærerane og gje eit større kollegia som kan vere positiv for både skulen og barnehagen.
Kjølsdalen Privatskule har heile vegen hatt ein god dialog med Kjølsdalen Krins Utviklingslag, Kjølsdalen Idrettslag og andre lag/organisasjonar i krinsen og vi vil vere med å legge til rette slik at dei framleis skal få ha sine rettigheitar og får nytte skulen som i dag.
Styret og kommande rektor i Kjølsdalen Privatskule har god tru på at vi skal lykkast med satsinga på privatskule i Kjølsdalen og at ein i samarbeid med Reksnes Barnehage vil få styrka satsinga frå fyrste dag.
Med helsing
Styret i Kjølsdalen Privatskule SA

Gå til nyhendearkiv