Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Frå 1. jan. 2008 ny struktur i skatteetaten.

Eit eksempel på korleis det kan gå.

Av Jan Eide

Likninga
Det er oktober og oppgjer for 2007 for næringsdrivande. Kanskje kan det vere lurt å setje seg inn i korleis klager og vedtak blir gjort. Orientering her:Likninga.
Eg har tidlegare vore kritisk til likningssjefar og systemet dei fører og skreiv ein lengre artikkel i avisa om likningssjefen som sat med fleire hattar. No ser eg i Aftenposten at dei synspunkt eg kom med då er blitt teke omsyn til og det er gjort endring fordi fleire har vore kritisk til systemet. Kva den gamle ordninga kunne føre til av urettferdige vedtak kan de lese meir om her Hans Norum sin tragiske skjebne
Mottoet mitt er: Ikkje gjev opp, men sei frå når ein tykkjer ein blir handsama feil. I mange tilfelle tapar ein, men desto fleire som står på, desto større er sjansen for å vinne fram. Det er nok av urimelege avgjerdsler ute i samfunnet vårt, men så er det nok av lover og reglar å gå seg vill i også. Alle offentlege kontor skal vere service-orientert, noko dei ofte gløymer. Dessutan blir dei sjeldan sett på plass.



Gå til nyhendearkiv