Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bygdesamlinga på Skei 2008

Referat

Av Jan Eide

Skei Misjonshus
Om lag 50 personar var møtt fram til den årlege bygdeutviklingsamlinga som i år vart halden på Misjonshuset på Skei på laurdag. Ein av tankane med samlingane er at ein skal nytte lokale samlingsstadar som denne gangen vart Misjonshuset. Trykk på understreka overskrift for å få heile referatet.


Temaet denne gangen var: Trivselbygda – midt i fylket. Ordførar for Jølster, Gerd Dvergsdal ynskte velkomen før Annie Bjørnarheim fekk ordet. Ho kunne fortelje at Jølster var ei trivselbygd og som bevis på dette viste ho til ungane sine som kvart år brukte 2 mnd. på å vere i Jølster og ikkje ville vere andre stadar. Ho kom inn på dette med lokale produsentar av mat og nemnde at Gloppen Hotell i går hadde fått pris for bruk av lokal mat. Steinar Sørli frå Fylkesmannen i Hordaland, men som bur i Bygstad, brukte tid på temaet Landskapsparkar og kulturbasert næring. Han orienterte om reiseruter som turistane brukte og nemnde ma Stalheim, Åkrafjorden…
Ein av investorane i Skei Hotell, Ivar Helgheim gav eit bilete av kvifor han investerte i Hotellet. Fyrst og fremst var dette pga glede i hjartet som han sa. Skei Hotell står no fram som eit nytt og moderne hotell med planar om opprustning på ma. ny matsal i næraste framtid. Sissel Loen frå Loen heldt foredrag om det å vere stolt av bygda og det å skape begeistring, vere med å skape kultur i bygda. Ho hadde reist ein del i verda og gav med bilete sitt syn på kor viktig det er med kultur og tilrettelegging for aktivitet og høve til å roe ned.
I disse jakttider heldt Arve Århus eit aktuelt foredrag om reiseliv - jakt og fritid. Her er det eit stort potensiale for næringsutvikling. I frå salen kom det forslag om at ein måtte ta omsyn til dei som ville sjå hjort og ikkje skyte den. Århus meinte at samarbeid og meir profesjonell næringsutvikling innan temaet hjort burde satsast på. Rønnaug Berge Leite frå Kjølsdalen i Eid kommune fortalde om sitt prosjekt på Juv i Stryn kommune. Ho leiger ut husa sine til turistar og tilbyr oppleving og kjensle av sakte tid. Her kan ein ta i bruk alle sansar: Sjå – høyre – lukte – smake – føle – gjere – tenkje. Ho var og inne på hjortejakt som eit tilleggsprodukt i sitt prosjekt. Til slutt orienterte Kai Lille-Homb frå Fylkeskommunen om virkemidlar ein har til rådvelde når det gjaldt økonomi. Han gjekk gjennom korleis midlane er fordelt i fylket av ein pott på 139 mill for 2008. Ein arbeider med ei forenkling av søknadsprosedyrer, men er ikkje i mål enno. Alle fordraghaldarar fekk gåve overlevert av Oddveig Birkeland. Chistian Rekkedal frå Fylkesmannen i S&F oppsummerte.
Personalet ved Misjonshuset sytte for kaffi, frukt og lunsj med blautkake på ein fortreffeleg måte.


Gå til nyhendearkiv