Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Flott Rønnaug!

Fin førelesning på Skei 04.10

Av Jan Eide

Rønnaug Berge Leite © Jan Eide
Rønnaug var ein av førelesarane på Bygdesamlinga på Skei på laurdag. Rønnaug er frå Kjølsdalen, arbeider på Nordfjordeid og driv prosjektet sitt på Juv i Stryn kommune. Det kan førast prov på at garden Juv eksisterte på 1200 talet. I 2002 tok ho over garden med 5 års buplikt. Ho har med sin kunnskap bygt opp eit foretningsprosjekt som går på Sakte tid for moderne menneske. Sakte og sikkert har interessa for slikt tilbod auka. Du gjorde ein svært god figur på samlinga Rønnaug. Lukke til vidare. De kan lese meir om Juv her: Prosjektet til Rønnaug


Gå til nyhendearkiv