Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Aldri meir lys i tunnelen?

Av Jan Eide

Torfinn Myklebust
I Fjordabladet kan vi lese frå Torfinn Myklebust:
.
- Kjølsdalen krins fekk nyleg 200.000 kroner frå Gjensidige til gatelys i bygda. I samband med tildelinga av pengane vart det sagt at ein hadde håp om at Eid kommune ville koste drifta. Er dette aktuelt?
- I samband med veg- og trafikktryggingsplanen som vart vedteken i 2007 vart veglys lågast prioritert. Det vart også den gong sagt at ein måtte vere restriktive med å sette opp nye veg- og gatelys. Eid kommune har tidlegare sagt nei til ein søknad frå Haugen om drift, slik sett trur eg det er lite aktuelt å kostnaden med nye gatelys i Kjølsdalen, seier Myklebust.
.
Utruleg at ein i administrasjonen og bur i Kjølsdalen krins kan seie noko slikt. Skal ein drepe all optimisme og framdrift berre fordi økonomien i Eid kommune er litt dårleg for tida? Det må vel kome tider då vi kan kople på lysa igjen, men om vi ikkje har fått opp lyspunkt er det lite å setje straum på. Det er på tide at adm. i kommunen kjem seg på eit optimismekurs og ikkje knuse alle tiltak/idear vi kjem med. Jan Eide leiar i KKUL
Fjordabladet sin artikkel

Gå til nyhendearkiv