Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Folk i Kjølsdalen Krins er forbanna på lysutkutting

Wenche reagerer

Wenke Stadheim
Wenche Stadheim prosjektleiar for Lyspunkt i Kjølsdalen Krins reagerer. I Fjordabladet kan vi lese fylgjande:
- Sett på att lysa, Sonja!, oppfordrar Wenche Stadheim. - Det er så lite å spare. Tenk på kva det vil koste dersom det skjer noko med eitt av skulebarna som må krysse riksveg med 80-sone og tungtrafikk i mørkret.


Wenche Stadheim ber ordførar Sonja Edvardsen og Eid kommune prioritere trygge skulevegar og opptre på ein måte som vert opplevd som rettferdig.
Stadheim er skuffa og sint over at kommunen sløkkjer lysa i bygdene i ytre, medan lysa framleis skin tett i tett i Prestemarka, Myklebuståsen og fleire andre stader i sentrum. Ho er nestleiar i utviklingslaget i Kjølsdalen og jobbar der med eit prosjekt for å få etablert fleire gatelys i krinsen. Dei samlar inn pengar og skal arrangere dugnad for å få dette til. Den siste tida har Stadheim fått mange telefonar frå fortvila folk etter at Eid kommune, som eitt av sine mange sparetiltak, har slått av dei få lyspunkta dei allereie har ute i bygdene i ytre.
Du kan lese meir i Fjordabladet i dag eller ved å trykke på overskrifta.

Då Wenche Stadheim køyrde dottera si frå Gillesdal til barnehagen på Nordfjordeid torsdag morgon, køyrde ho gjennom mørke tettstader i ytre. Men då ho kom inn til sentrum i nitida og det allereie var byrja å lysne av dag, skein framleis hundrevis av gatelys som perler på ei snor i bustadfelta ovanfor sentrum.

- Det verkar så urettferdig. Det er vi som heile tida må kjempe medan dei her har gatelys tett i tett. Dersom kommunen skal kutte, så må dei i alle fall kutte på lik linje hjå alle til same tid, meiner Stadheim. Ho vart så sint at ho tok turen først til driftssjef i Eid kommune, Torfinn Myklebust og vidare til Fjordabladet og til Ap-ordførar Sonja Edvardsen.
Myklebust forklarte at gatelysa er kopla på ulike måtar, med og utan brytar, og at det ikkje er alle stader det er like enkelt å kople ut lysa. Dei skal forhandle med SFE om korleis dette skal gjerast, og dette må vere avklart før lysa i bustadfelta vert sløkte.


Stadheim meiner at slike ting burde ha vore avklart på førehand, før dei byrja å ta lysa frå folk i utkantane. Ho meiner det dessutan er lite å spare på til dømes å kople ut fem punkt på Haus, som truleg ikkje kostar kommunen meir enn ti kroner per dag. Det er bagatellar samanlikna med dei mange hundre punkta i sentrum, der det dessutan er tett i tett med hus med lys i. I ytre er det mange stader lange strekningar mellom husa, og ein gåande har lite å navigere etter når han går på ein stummande mørk veg. Stadheim tykkjer nesten det er litt moro at folk i sentrum byrjar å klage på at det er mørkt. Ho vonar at det kan bidra til litt meir forståing for bygdefolket sitt ønskje om å få meir lys i bygdene når dei sjølve erfarer korleis det er å ikkje ha vegane opplyste.

Stadheim registrerer at dei øvst i Prestemarka har fått lovnad om at lysa der ikkje skal sløkkjast fordi der har gått ras for mange år sidan. Ho seier at på vegen frå Ervik og opp til Gillesdal der ho bur, raser det også ut stein fordi fjellet er så rote, men det er likevel ikkje mykje sympati å få fordi ein liten kar skal måtte gå der på veg til skulen og fritidsaktivitetar i mørket.


Wenche Stadheim har snakka med folk som har greie på gatelys og som har fortalt at det også er ein kostnad knytt til det å stengje av lysa. Utan den varmen som lysa gjev, tørkar dei seinare opp og kan verte meir utsette for rust. Det gjer det endå mindre økonomisk gunstig å ty til slike tiltak.
Ho har forståing for at kommunen slit økonomisk, og bygdeutviklingslaget i Kjølsdalen krins reknar med at dei sjølve i første omgang må syte for pengar til drift av dei nye gatelysa som er under planlegging. Men Stadheim er oppteken av at dei som bur i bygdene også må få litt kommunale gode slik at det blir godt på bu der. Barna ute i bygdene har lang veg også til fritidsaktivitetar, og mørklagde vegar er ikkje noko trivelege å ferdast på korkje for skulebarn og eller vaksne som vil gå seg ein kveldstur.
- Trivest ikkje barna, så kjem dei heller ikkje tilbake for å busetje seg her, seier Wenche Stadheim, som ber ordføraren og dei andre politikarane om å prioritere trygge skulevegar høgt.


Ordførar Sonja Edvardsen (Ap) forstår godt Wenche Stadheim sin frustrasjon og tykkjer det er bra at folk engasjerer seg.


- Det er veldig beklageleg. Eg forstår veldig godt frustrasjonen. Eg er einig i at det er lite å spare ved å sløkkje lysa, men alternativet er å ta pengane ein annan stad. Fagutvalet visste kvar ein ville ramme. Det å sløkkje lysa er politiske val som er gjort utifrå kvar ein meiner at det skadar minst, forklarer ordførar Sonja Edvardsen. Ho fortel at det hastar med å få redusert utgiftene, spesielt i teknisk sektor er det store delar av tenestetilbodet som vil bli redusert som følgje av budsjettvedtaket som vart gjort i desember. Ordføraren tykkjer det er flott at folk engasjerer seg og ber Stadheim og andre som har meiningar om å kome med skriftlege innspel til kommunen om dette.



Gå til nyhendearkiv