Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vellukka biobrenselmøte i Lefdal

Biobrensel  - ved
14 stk hadde møtt fram til biobrenselmøte i Lefdal i går kveld. Vi fekk ein grundig gjennomgang av anlegget til Sigmund Larsen. Kommunen var representert ved Gunnhild Øksne. I disse energitider der prisen på KW stadig går oppover er interessa for alternative energiformer aukande. KKUL har no hatt 2 møter om energiformer. Til hausten prøver vi med eit nytt. Ståle Lefdal og Sigmund Larsen gjennomførte ein fin kveld for interesserte. Skal ein nytte biobrensel, må dette planleggjast nøye og det er ikkje ein rask veg til lønsemd.
Larsen sitt anlegg var kalkulert til ca 300 000. Dei som tenkjer nybyggjing, feks I Kjølsdalen ,bør vere obs. på mogelegheitene. Om mange nok melder seg blir det studietur i samarbeid med Eid kommune og Skogeigarlaget.
Ta kontakt med Gunhild Øksne, tlf 57 88 58 68 eller gok@eid.kommune ved spørsmål

Gå til nyhendearkiv