Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Endeleg! - breiband til ytre del av krinsen.

Kanskje Lefdølingane kan bruke ein 100-lapp på medlem av KKUL?


BREIBANDSUTBYGGING TIL SKREDE, TORHEIM, LEFDAL OG MIDTHJELL I EID KOMMUNE - UTBYGGINGA ER FERDIG

Eid kommune har motteke informasjon frå Telenor om at breibandsutbygginga til Skrede, Torheim, Lefdal og Midthjell vart ferdigstilt den 29. januar 2009.

Innbyggjarane i disse bygdene finn informasjon om tilbodet og kan bestille på denne internettsida: http://www.telenor.no/privat/internett/abonnement/wimax/
Innbyggjarane kan også ringe Telenor sitt kundesenter på tlf 800 30 325 og få informasjon og eventuelt bestille abonnement. Vi tek gjerne imot tilbakemelding dersom nokon har noko å melde om denne siste utbygginga. Ta då kontakt med økonomisjef Ole Starheim, tlf 57 88 58 81 eller e-post ole.starheim@eid.kommune.no

Med dette meiner vi at nær på alle innbyggjarar i Eid kommune skal ha ei eller anna form for tilbod om breiband. Dersom nokon har informasjon om manglande tilbod, vil vi gjerne ha tilbakemelding på det.




Med helsing


Ole Starheim
økonomisjef

Gå til nyhendearkiv