Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kvifor leiaren i KKUL ikkje ynskjer å fortsetje som leiar

Jan Eide

Av


Jan Eide

Grunngjeving kvifor eg trekkjer meg som leiar i KKUL på neste årsmøte.

Underteikna fekk kritikk frå to ”surbukkar” på siste årsmøte. Uttrykket er Fjordabladet sitt og ikkje konstruert av meg. Eg toler godt kritikk, men ikkje løgn. Når ein av desse spreier løgn om meg er det for meg umogeleg å fortsetje som leiar for eit lag vi treng i ytre del av Eid kommune. Vedkomande som er politikar og set i formannskapet, bør halde seg for god til å påstå at eg har kalla han idiot kvar 14 dag når det ikkje er sant. Når vedkomande ikkje vil rette dette opp gjennom dei fora det er blitt servert i, blir eg vonbroten og har lite lyst å fortsetje det arbeidet eg har ofra mykje tid og krefter på. Spesielt tykkjer eg det er leit at det skal vere ein politikar frå vår eigen krins.

Mvh Jan Eide

Gå til nyhendearkiv