Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Innovasjon Norge og Alkymisten

innovasjon Norge
KKUL har fått dette frå Eid kommune og vi spreier det gjerne vidare. Ein fin mogelegheit for ungdom mellom 18 og 35 år
Alkymisten
Er du mellom 18 og 35 år og har ein idé om noko som kan bli di eiga bedrift? Då kan Alkymisten vere eit godt tilbod til deg! Innovasjon Norge Sogn og Fjordane arrangerer i løpet av hausten 2009 sjette runde av Alkymisten.
Målet med Alkymisten er å lose unge etablerarar gjennom den vanskelege utviklingsfasen. Dette er ein unik sjanse til å utvikle forretningsidéen sin som kanskje kan bli til di eiga bedrift? Innovasjon Norge har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar.
Du les meir ved å trykke på overskrifta

Alkymisten har tre samlingar, med oppfølgjing av rettleiarar mellom samlingane. Det vil også bli gjennomført ei oppfølgjingssamling ca et halvt år etter at hovudprosjektet er avslutta.

Dato for årets samlingar er:
1. samling: 29. september til 2. oktober
2. samling: 4. - 6. november
3. samling: 9. - 11. desember

Samlingane vil bli på ulike stadar i fylket.

Prosjektet tar for seg dei forretningsidéane deltakarane har, og deltakarane får sjansen til å utvikle forretningsidéane sine saman med andre etablerarar og rettleiarar. Med inntil 25 deltakarar i prosjektet møter etablerarane andre i same situasjon. Erfaringsmessig blir dette nettverket viktig både for eigen utvikling og for utvikling av forretningsidéen.

Målet med alkymisten er å medverke til aukt nyskaping blant ungdom i fylket vårt og hjelpe ungdom fram til etablering av lønsame bedrifter.


Les om tidlegare alkymistar her

Elisabeth Kjerstad Bøe

Heidi Aabrekk


Er du ein framtidig alkymist? Send inn din søknad her LINK til søknadsskjema

Link til Alkymisten


Eller ønskjer du meir informasjon om alkymisten? Ta kontakt med Hjørdis Vik, epost: hjordis.vik@innovasjonnorge.no, telefon: 938 90 188.




Gå til nyhendearkiv