Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bruk av rekneskapsprogrammet Agrosat.

Agrosat
KKUL har i fleire år lagt til rette på bygdekontoret for at lag og enkeltpersonar kan nytte dette programmet til fakturering og rekneskap. Det er svært bra til å føre enkeltprosjekt på.

Kravet for å nytte det er at ein har betalt medlemskontingent. Desse laga har nytta programmet: Kjølsdalen Skulemusikk (dei brukar den veldig mykje - både til fakturering og rekneskap), Kjølsdalen Samfunnshus (Også fakturering), Kjølsdalen Idrettslag, KKUL og KKNN.

Desse lag/org er medlem av KKUL:
Kjøls. Idr.lag
Kjøls. Skyttarlag
Haus Grendahus
Kjølsdalen Samf.hus
Sankelaget
Kjøls. Sanitetsfor.
Joker

Kanskje bør ein betale den vesle skjerven for å gjere kvardagen litt lettare? Private kan og nytte dette programmet. For å kome inn på bygdekontoret treng ein nøkkel - ta kontakt,

Bygdekontoret er ikkje knytta opp mot internett no, men det blir ordna snart. På Biblioteket rett ved sidan av er maskinene oppkopla mot internett.

Gå til nyhendearkiv